ISBN nr: 978-82-8238-054-4
Forfatter: Solveig Blindheim Bendixen
Utgivelsesår: 2012
Pris: kr 249,00
Teo tar sjansen
Ny bok om Teo!
På SFO har dei fått seg klinkekulebane. Den vil gjerne Teo leike med. Det er berre det at tredjeklassingane ikkje vil la han sleppe til. Ein dag Teo er inne på avdelinga for å drikke vatn, kjem han på at han kan smugle bana med seg i regnbuksa. Teo har nemleg oppdaga eit hemmeleg rom ute i skuret til vaktmeistaren, og her kan han leike med bana heilt i fred. Det går berre ikkje heilt slik Teo hadde tenkt seg. Klinkekulebana blir sakna og det blir ikkje like lett å få smugla henne tilbake ...
5-9 år. Ekstra god til høgtlesning!
Solveig Blindheim Bendixen har sitt daglege virke i skulen og debuterte med Teo i trøbbel.
Bøkene om Teo har alt: humor, gjenkjenning og overrasking. Lune forteljingar om barns nære kvardag.
Teo-serien