ISBN nr: 978-82-8238-060-7
Forfatter: Bente Bratlund
Utgivelsesår: Mars 2013
Pris: kr 249,00
Hanna & Emma. Surare enn sitron / Hemmeleg gjest
Korleis er det å få ei ny storesyster?
Venninnene Hanna & Emma har det alltid kjekt i lag. Saman kan dei klare alt. To spennande kvardagsforteljingar i kvar bok. Gir massevis av leseglede for jenter mellom 8 og 12 år.
Surare enn sitron:
Hanna si mor har fått seg kjærast, og han og dottera Jill skal kome på besøk. Emma seier at Hanna må gle seg. Det blir nesten som å få ei syster! Men Hanna er ikkje heilt sikker. Synest ho det er greit?
Hemmeleg gjest:
Jill har rømt heimanfrå og Hanna og Emma må gøyme henne. Eit hemmeleg oppdrag det luktar trøbbel av. Heldigvis har dei Sjur og Henrik til å hjelpe seg.
8-12 år
"Lesegleder, rett og slett."
Linn T. Sunne, barnebokkritikk.no
Hanna & Emma-serien
Eg spør!/Eg tør?