Fly, Thea! fly!
Thea har noko å gle seg til
«Eg skundar meg bort til måleriet. Det er stort, og endå finare her enn på plakaten. Kvinna i den kvite kjolen svevar framover, som om ho vil ut av tåka og berre vil fram til lyset»
Thea er fosterbarn. Mora er for sjuk til å vere heime. Thea tenkjer at ingen ting i livet hennar varer, ho vil aldri høyre til i latteren og praten til fosterfamilien.
Men Thea skal på målekurs, ho skal læra å skape noko vakkert. Ho har noko å gle seg til.
Ei varm og engasjerande forteljing av Bente Bratlund.
Alder 9-13 år
«Thea beskrives med en unik forståelse og det er en bok det er helt umulig å ikke få en klump i halsen av.»
Elin Solvang, Aftenposten